Den europeiske språkdagen 2020

26. september kvart år markerast Den europeiske språkdagen på mange måtar i Europarådets 47 medlemsland. I Noreg blir dagen markert med ulike arrangement på høgskolar og universitet, og mange barnehagar og skolar feirar dagen med aktivitetar som fremjar språkleg mangfald.

Tips til aktivitetar i barnehage og skole

Handbok med 51 språkutfordringar

På Europarådets nettsider finn du mange tips til aktivitetar, til dømes ei handbok med 51 språkutfordringar som oppmuntrar den som lærer språk, til å bevege seg litt ut av komfortsona og bruke moglegheitene som finst til å øve på eller lære meir om eit språk utanfor undervisningssituasjonen. Handboka finst på mange ulike språk og kan lastast ned som pdf eller skrivast ut. Språkutfordringane kan du også finne i appen Den hemmelige agentens språkutfordringsapp (Google Play) / Language challenges (App Store). Dersom du ikkje veit kva utfordring du skal starte med, kan du snurre eit lykkehjul og la det avgjere for deg.

Webinarer

Fremmedspråkssenteret arrangerer digital Språkdagskonferanse 23. og 24. september med tittelen Kreative løsninger i språkopplæringen. Det vil bli både fellesforelesingar og språkspesifikke seminar/workshops.

Multiling – senter for flerspråklighet ved Universitetet i Oslo arrangerer digital forelesing med språkforsker Lourdes Ortega. Tittelen på forelesinga er Language Learning in a Post-COVID World.