Den europeiske språkdagen 2022

Her finn du tips til korleis din barnehage eller skole kan feire Den europeiske språkdagen 26. september.

Logoen til den europeiske språkdagen.
Foto: Council of Europe

26. september kvart år markerast Den europeiske språkdagen på mange måtar i Europarådets 46 medlemsland. I Noreg blir dagen markert med ulike arrangement på høgskolar og universitet, og mange barnehagar og skolar feirar dagen med aktivitetar som fremjar språkleg mangfald.

Tips til aktivitetar i barnehage og skole

Aktivitetar frå ECML

Europarådets nettside om Den europeiske språkdagen finn du mange tips til aktivitetar. Du finn til dømes ei reise gjennom Europas språk, inkludert ein språktre-plakat.

Handbok med 51 språkutfordringar

Du finn også ei handbok med 51 språkutfordringar som oppmuntrar den som lærer språk, til å bevege seg litt ut av komfortsona og bruke moglegheitene som finst til å øve på eller lære meir om eit språk utanfor undervisningssituasjonen. Handboka finst på mange ulike språk og kan lastast ned som pdf eller skrivast ut. Språkutfordringane kan du også finne i appen Den hemmelige agentens språkutfordringsapp (Google Play) / Language challenges (App Store). Dersom du ikkje veit kva utfordring du skal starte med, kan du snurre eit lykkehjul og la det avgjere for deg.

Konferanse

Fremmedspråksenteret inviterer i samarbeid med Institutt for språk, litteratur og kultur ved Høgskolen i Østfold til konferanse med temaet Demokrati og medborgarskap i språkundervisninga.