Den europeiske språkdagen 2024
Finn tips til korleis din barnehage eller skole kan feire Den europeiske språkdagen 26. september.

26. september kvart år blir Den europeiske språkdagen markert på mange måtar i Europarådets 46 medlemsland. I Noreg blir dagen markert med ulike arrangement, og mange barnehagar og skolar feirar dagen med aktivitetar som fremjar språkleg mangfald.
Tips til aktivitetar i barnehage og skole
- Skriv ut plakatar på fleire språk og lær å seie til dømes «hei» på mange språk!
- Spel memoryspel med ord på fleire språk!
- Spel NAFOs språkkviss!
- Les forteljingar på fleire språk!
- Bruk Bildetema til å lære nye ord på fleire språk!
- Vert inspirert til å finne det kulaste ordet i verda!
Aktivitetar frå ECML
På Europarådet si nettside om Den europeiske språkdagen finn du mange tips til aktivitetar.