Forsking i fleirspråklege klassar i 10 år
Forskingsprosjektet Tegn på sprog er avslutta etter ti år. Prosjektet har gitt ny innsikt i korleis ein kan sikre den skriftspråklege utviklinga til fleirspråklege elevar.
Tegn på sprog. En gentænkning af literacypædagogikken i sprogligt mangfoldige klasserum var tittelen på konferansen som 6. desember markerte avslutninga på det danske ti-årige forskings- og utviklingsprosjektet Tegn på sprog.
Utforskande lese- og skrivepedagogikk
Formålet med prosjektet Tegn på sprog var å undersøke korleis ein kan sikre den skriftspråklege utviklinga til fleirspråklege elevar og gje dei betre moglegheiter til å klare seg vidare i utdanningssystemet. Forskarane hadde dessutan ein ambisjon om å bidra til utvikling av lese- og skrivepedagogikk i språkleg mangfaldige klasserom.
Fleirspråklege klasserom som forskingsarena
I prosjektet har forskarar følgt fem klassar med til saman 267 barn i fem ulike kommunar i Danmark, frå førskule og gjennom heile folkeskulen. Ein styrke i prosjektet har vore eit breitt samarbeid om forsking og utvikling med deltaking av forskarar, lærarar, lærarstudentar og lærarutdannarar. Prosjektet har òg hatt brei offentleg støtte: frå dei aktuelle kommunane, frå fleire pedagogiske høgskular, frå Århus universitet og Utdanningsministeriet.
Språkleg mangfald ei kjelde til læring for alle elevar
Helle Pia Laursen, som har leia prosjektet, peikar på at det språklege mangfaldet i danske klasserom er enormt. Elevane kan mange språk, og dei brukar fleire språk på mange ulike måtar og i mange ulike situasjonar. Dette språklege mangfaldet er ei kjelde til læring, og for at elevane skal bli betre til å lese og skrive, er det naudsynt at lærarane bringer det språklege potensialet til elevane inn i opplæringa. I klassane som har delteke i prosjektet, har det mellom anna vore fokusert på korleis elevane kan utforske språk på bakgrunn av sine faktiske språklege erfaringar og korleis dei aktivt kan vere med å utvikle skriftspråkskunnskap i klasserommet.
Kunnskapsbase for språkutviklande arbeidsmåtar
Prosjektet Tegn på sprog har gitt ny innsikt i ulike former for klasseromspraksis og i moglegheiter for å skape rammer om lese- og skriveundervisning som tar omsyn til mangfaldet blant elevane. Resultat frå prosjektet er gjort tilgjengeleg ved at deltakarane har utgitt ei rekkje rapportar, mange vitskaplege artiklar og gode eksempel på klasseromsaktivitetar.