Ønsk velkommen på fleire språk!
Her finn du ressursar som kan vere nyttige i oppstarten i barnehage, skole og SFO.

I desse dagar kjem mange barn, elevar og føresette tilbake til barnehagen, skolen og SFO. Nokon av dei møter barnehagen, skolen og SFO for første gong. Her finn du ressursar som kan vere nyttige i oppstarten.
Plakatar på fleire språk
Her finn du dekorative plakatar for å til dømes ønske velkommen og seie hei på fleire språk. Å bli møtt med noko kjent er viktig for trivsel og læring.
Ressursar til bruk i foreldresamarbeid
NAFO har fleire ressursar som er nyttige for føresette i oppstarten av barnehage- og skoleåret. Kva med å sende ut innkalling til foreldremøte eller informasjon om turar eller leirskole på fleire språk?
Oppstartsbrev til barn og familiar
Hos Morsmal.no finn du eit enkelt oppstartsbrev med informasjon om oppmøte i samband med barnehageoppstart på fleire språk.
Innkalling til foreldremøte
Foreldremøte er ein viktig arena for samarbeid med føresette i barnehage og skole. Det er viktig å leggje til rette for at flest mogleg deltar på desse møta. Å få ein invitasjon på eit språk ein beherskar godt, kan vere med på å gi ei trygg og god oppleving.
Informasjon om norsk grunnskole
På oppdrag frå Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG) har NAFO laga eit hefte med informasjon om norsk grunnskole på norsk og elleve andre språk for føresette som ikkje er godt kjende med det norske skolesystemet. Informasjonen finst som tekst og lyd.
Informasjon om turar og leirskole
Mange foreldre kan synast at det er uvant og framandt at barna i grunnskolen reiser på ekskursjonar og overnattingsturar. Utdanningsdirektoratet har laga filmen «På tur», og NAFO har laga ein brosjyre på fleire språk. Materiellet er laga for å inspirere og motivere foreldre til å la barna bli med på utflukt.
Informasjonshefte om barn i fleirspråklege familiar
Informasjonsheftet gir svar på ti vanlege spørsmål som foreldre ofte stiller om barna si fleirspråklege utvikling. Det finst skriftleg og med lyd på 20 språk. I tillegg til å rette seg mot foreldre er heftet veldig aktuelt for tilsette i barnehage, skole og helsestasjonar.
Informasjonsheftet «Barn i fleirspråklege familiar» (Morsmal.no)
Informasjon om klede i barnehagen
Heftet om klede i barnehagen kan hjelpe med å gi informasjon på morsmålet om mellom anna praktiske klede, skifteklede, merking av klede osv. Ressursen er fin å henge opp eller dele ut i barnehagen.
Fleirspråklege ressursar til bruk i fagopplæring
Morsmal.no
På Morsmal.no finn du fleirspråklege fagressursar for barnehage og skole, blant anna i faga matematikk, naturfag, samfunnsfag og KRLE.
Skolekassa
På Skolekassa har vi samla digitale læringsressursar som passar for minoritetsspråklege elevar i grunnskole, kombinasjonsklassar og innføringstilbod på VGO og vaksenopplæring. Mange av ressursane har fleirspråkleg støtte.
Fleirspråklege forteljingar
Dei fleirspråklege forteljingane på Morsmal.no kan inspirere barnehagar og skolar til å ta i bruk forteljingar for å synleggjere det fleirspråklege mangfaldet og skape inkluderande leike- og læringsmiljø.
Syng på fleire språk
I oppstarten av barnehage- og skoleåret er song og musikk fint å bruke. På Morsmal.no har vi samla songar på fleire språk.
Språkleg og kulturelt mangfald i SFO
SFO er ein viktig arena for inkludering av minoritetsspråklege barn. NAFO har laga ein rettleiar for tilsette i SFO.
Kartlegging
Det er viktig å få kjennskap til språkbakgrunnen og språkkompetansen til minoritetsspråklege barn og elevar. Informasjon frå kartlegging kan gi viktig kunnskap.
Informasjon om kartlegging av minoritetsspråklege barn i barnehagen
Informasjon om kartlegging av minoritetsspråklege elevar i skolen