Samisk språkveke 24.–30. oktober
Lær om dei samiske språka, sjå ein samisk musikkvideo eller lær nokre samiske ord. Bli med på ein felles dugnad for å synleggjere og auke kunnskapen om dei samiske språka!

Sametinget inviterer til giellavahkku, samisk språkuke, 24.–30. oktober. Samisk språkveke er ein felles dugnad for å synleggjere og auke kunnskapen om dei samiske språka i heile samfunnet. NAFO oppfordrar derfor barnehagar og skolar til å setje ekstra fokus på samisk språk denne veka. Dette er også i tråd med Overordna del av Læreplanverket og Rammeplanen for barnehagen. Lær å telle til ti på samisk, sjå ein samisk musikkvideo, lag kunst eller lær om dei samiske språka. Her har vi samla nokre tips og lenker som kanskje kan vere til inspirasjon.
Lær om samiske språk
Dei mest brukte samiske språka i Noreg i dag er nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, men totalt finst det ti samiske språk i heile det samiske busetjingsområdet. Alle dei samiske språka er i internasjonal samanheng karakteriserte som trua, alvorleg trua eller nesten døydde ut.
NRK si dokumentarserie «Den stille kampen» handlar om samanes situasjon på Nordkalotten. Episode 4, Kampen for språket, tek opp spørsmålet om alle dei samiske språka er trua – eller døyande. Her møter vi mellom anna Marja som diktar på sørsamisk, eit språk nesten ingen forstår, og Mikkâl, som rappar på enaresamisk – eit språk som berre 300 menneske kan.
Victor på 10 år lærer seg samisk – I dette klippet frå God Morgen Norge på Tv2 møter du Victor som kom heim ein dag og sa at han ville lære seg samisk. Siden han ikkje budde i eit samisk distrikt, fekk han fjernundervisning heilt frå Kautokeino – 160 mil unna.
Les meir om samiske språk:
- Fakta om samiske språk (regjeringen.no)
- Samiske språk (Språkrådet)
- Samisk (Store norske leksikon)
Lær samiske ord
Den fleirspråklege bildeordboka Bildetema finst på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Den nordsamiske versjonen har lyd. Kvifor ikkje bruke Bildetema til å lære nokre samiske ord i aktivitetar mange gjer om hausten, til dømes lage grønsaksuppe og lære ord på grønsaker på samisk eller gå tur i skogen og finne ord på blomar og sopp? Eller kva med å lære å telle til ti på nordsamisk og sørsamisk?
Lær om samane på fleire språk
Hos morsmål.no ligg det ein kort lesetekst med informasjon om samane og samiske språk. Teksten finst på fleire språk.
BlimE-dansen på samisk
Skoleelevar og barn over heile Noreg øver på BlimE-dansen frå NRK Super om dagen. Kvifor ikkje introdusere den samiske versjonen av BlimE-dansen denne veka?
Musikkvideoar på samisk
- Into The Unknown // Amas Mu Vuordá – frå filmen Frost 2, som er omsett til nordsamisk.
- Slincraze – Amma (Official Music Video)
- Bli med på joikebølge med Binnabánnaš – musikkvideoer for dei minste fra NRK Super
Hefte
Arbeid med samisk språk og kultur i barnehagen hefte frå Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen
Temahefte om samisk kultur i barnehagen (Kunnskapsdepartementet)