Mangfald i skolen

Bilde av skole med mange barn og unge utenfor

Det fleirkulturelle og fleirspråklege fellesskapet i skolen

Kva er ein fleirkulturell skole?

Nokre gangar høyrer ein skoleleiare eller lærare seie at skolen deira er fleirkulturell. Ofte er grunngivinga at skolen har mange elevar med annan kulturbakgrunn enn den norske. Kvantitet blir da kriteriet for å kalle skolen fleirkulturell. Mange vil heller bruke kvalitet som kriterium. Då er det pedagogisk forankring som avgjer, og ikkje talet på elevar med annan kulturbakgrunn.

Saleh Mousavi har laga ein liten digital forteljing om temaet.

Språklig og kulturelt mangfold – et idéhefte

NAFO har laga eit idéhefte med eksempel på korleis språkleg og kulturelt mangfald kan nyttast som ein ressurs i faga og i arbeidet med å utvikle eit inkluderande læringsmiljø. Heftet gir fleire eksempel frå skolar som gjer mangfaldet synleg og nyttar språkleg og kulturelt mangfald i tverrfaglege aktiviteter.

Last ned: Idéhefte. Språklig og kulturelt mangfold (pdf)

Det flerspråklige bibliotek (DFB)

Det flerspråklige bibliotek (DFB) er ei tenest for alle bibliotek i heile landet. Dei tilbyr utlån av bøker og elektroniske tekster på fleire språk.

Gå til hjemmesiden til Det flerspråklige bibliotek

Språkkvardagen min

I filmen «Språkkvardagen min», laga av Nynorsksenteret, fortel elevar og tilsette ved Ila skole i Trondheim om språkkvardagen sin.

Lesevenner – eit samarbeid mellom bibliotek, barnehage og skole

Fire gongar i året er elevar frå 4. trinn ved Åsen skole på besøk i Solheim barnehage og les for barnehagebarna på ulike morsmål. Elevene les bøker på ulike morsmål. Filmen viser hvordan skolen kan ivareta og styrke det flerkulturelle perspektivet i barnehage og skole, og hvordan Lesevenar kan lette overgangen mellom barnehage og skole. Lesevenar bidrar til å styrke skolebarnas leseferdigheter og evne til muntlig fortelling og styrker interesse for lesing. Les meir om prosjektet

Mangfald og inkludering i undervisning

Fleirspråklege forteljingar

Fleirspråklege forteljingar på Tema Morsmål er henta frå ulike kulturar og er på fleire språk. Kanskje finn du forteljingar dine elevar kjenner at.

Eventyrkofferten

Elevane på 4. trinn ved Kvaleberg skole i Stavanger har laga eventyrkoffertar i samarbeid med foreldre og tospråklege lærarar. Koffertane inneheld eventyrfigurar frå heimlanda til elevane. Elevane presenterte eventyra både på norsk og dei ulike morsmåla.

Min stemme
På sida Min stemme finn du opplegg for barnehage og skole om dei nasjonale minoritetane våre.

Aldrimer22juli.no

Antirasistisk senter har laga skolenettstaden aldrimer22juli.no som skal spreie kunnskap til skoleungdom for å demme opp for rasisme og fordomar.

Aldrimer22.juli.no 

Folkemord.no

På denne nettstaden kan du lese om folkemord og massedrap som har skjedd i løpet av det siste hundreåret. Eksempla fortel oss litt om kva som får menneske til å gjere seg skuldig i vonde handlingar. Ved å lære om dette, kan vi lettare sjå faresignal i verda i dag.

Folkemord.no

Undervisningsmateriell frå HL-senteret

Her kan du finne undervisningsmateriell til nedlasting utvikla av HL-senteret (Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter). Opplegga er tilpassa ungdomsskolen og vidaregåande skole, og det er lagt ved eigne lærarrettleiingar.

 HL-senterets materiell.

Dembra – demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme

Mot utenforskap og hat i skolen

Dembra er eit tilbod om kompetanseheving for skular for å forhindre antisemittisme, rasisme og udemokratiske haldningar.
dembra.no

Filmar til bruk i undervisning

NAFO har laga filmar der ungdom frå dei nasjonale minoritetane snakkar om temaa identitet, diskriminering og det å vere norsk. Filmane kan brukast i undervisning på ungdomsskole og vidaregåande som utgangspunkt for diskusjonar om mellom anna fordomar og rasisme, og for å lære meir om dei nasjonale minoritetane. Det er laga refleksjonsspørsmål og oppgåver rundt sentrale omgrep i filmane.

Typisk norsk?

nni2

I filmen diskuterer og problematiserer ungdomane ei rekke påstandar om kva som er typisk norsk. Eit viktig poeng i filmen er at Noreg alltid har vore eit fleirkulturelt samfunn. Korta med påstandar som bli brukt i filmen, kan lastast ned og nyttast i undervisninga.

Film med tilhøyrande oppgåver

Identitet

nn2

I denne filmen reflekterer ungdomar frå dei nasjonale minoritetane over omgrepet identitet. Dei snakkar mellom anna om korleis familie, tradisjonar og språk har påverka identiteten deira. For nokre er det å høyre til ein nasjonal minoritet veldig viktig for identitetskjensla.

Film med tilhøyrande oppgåver

Diskriminering

Identitet 2

I filmen samtaler ungdomar frå dei nasjonale minoritetane rundt omgrep som fordomar og diskriminering. Ungdomane bruker kort med sentrale omgrep som utgangspunkt for samtalen. Desse korta kan lastast ned og nyttast i undervisninga.

Film med tilhøyrande oppgåver

Daniel – norsk og rom

daniel-2Daniel – norsk og rom

Daniel er både norsk og rom. I denne filmen snakkar han om sine eigne røynsler med å vere i minoritet, og kva han tenker om dei tre temaa, diskriminering, identitet og typisk norsk.

Sjå film