Språkhjelpar for auka fullføring

NAFO har besøkt Årstad vidaregåande skule i Bergen som har starta eit prosjektet der språkhjelparar støtter minoritetsspråklege elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram og i innføringstilbod.

Årstad vidaregåande skule i Bergen starta skuleåret 2025–2026 prosjektet «Språkhjelpar for auka fullføring». Språkhjelparane støtter minoritetsspråklege elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram og skulen sitt innføringstilbod. 

Språkstøtte tett på

Språkhjelparane, Jonas Ure Hylland og Gunhild Andersen Aarøe, er norsklærarar med norsk som andrespråk i fagkrinsen, og prosjektet byggjer på trua på at språk er nøkkelen til inkludering og meistring. Årstad vidaregåande skule ønskjer å vere ein skule der alle elevar, uansett språkbakgrunn, får likeverdige moglegheiter til å fullføre og lykkast. Språkhjelparane ser at tett språkstøtte i fagkontekst gir elevane både fagleg og sosial tryggleik, og dei håpar at denne modellen kan inspirere andre skular til å satse på språk som ein integrert del av fullføringsarbeidet. 

Språkhjelparane si oppgåve er å medverke til at elevane utviklar seg språkleg frå eit basisnivå (A1–A2) mot eit sjølvstendig nivå (B1–B2) i norsk, som eit ledd i Fullføringsreforma og målet om å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring. Å meistre norsk på eit sjølvstendig nivå er av særleg betydning for å kunne følgje den faglege progresjonen, og for å ha reelle moglegheiter for å få ein læreplass. 

Foto av en lærer sitter på et grupperom og snakker med to elever.
Jonas Ure Hylland jobbar mellom anna som språkhjelpar ved Årstad videregåande skule. Språkhjelparane er tett på fag og praksis og jobbar med emne som er relevante for yrkesfaga. Foto: Katarina Hundal

Støtta blir gitt både i ordinær programfagsundervisning og i mindre grupper der det er føremålstenleg. Språkhjelparane rettar fokus mot fagord og uttrykk innanfor yrkesretninga i forkant, undervegs i og i etterkant av undervisninga og medverkar slik til at omgrepa blir internaliserte av eleven. 

 Andre støttetiltak kan vere

  • å visualisere og tilpasse informasjonen til eit gitt språknivå
  • å rette fokus mot kontekstuell forståing i lesing og munnleg kommunikasjon
  • å utarbeide individuelt tilpassa KI-språkassistentar og gi elevane opplæring i god bruk av desse
  • å støtte elevane med grammatikk 
  • å utvikle skriveferdigheiter som er tilpassa den yrkesfagstradisjonen dei skriv seg inn i

Besøk

NAFO besøkte Årstad vidaregåande skule for å lære meir om prosjektet «Språkhjelpar for auka fullføring». I tillegg til å ha fine samtalar med språkhjelparane, rektor og leiaren for kompetanseteamet på skulen, fekk vi også observert språkstøtte i praksis. Vi fekk vere med Jonas Ure Hylland i to ulike språkstøttetiltak. 

Språkstøtteøkt ein

Den første gruppa bestod av fire vg1-elevar frå yrkesfaget Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (FBIE) med YFF i bedrift. Dei hadde alle saman ukrainsk bakgrunn.

Foto av en lærer og elever i et øvingsrom som er innredet som en frisørsalong.
Jonas jobbar med språk saman elevane i verkstaden på skulen. Foto: Katarina Hundal

Språkstøtta føregjekk i øvingsrommet, ein frisørsalong. Oppgåva elevane fekk av Jonas Ure Hylland var: «Gå rundt i frisørsalongen og skriv ned så mange ord og omgrep de kan på ti minutt». Elevane fekk lov til å bruke ukrainsk som støttespråk og fekk også støtte seg på ein spesialtilpassa KI-assistent når det var ord eller omgrep dei ikkje hugsa på norsk. Under sjølve oppgåveløysinga jobba to og to elevar saman, og dei var sette saman i par etter språkleg nivå. 

Etter at dei ti minuttane var omme, blei elevane samla til å ha ein samtale i ring. Kvart par las opp eitt og eitt ord frå lista si med instruksen: «Forklar korleis tingen ser ut og kva bruksområde tingen har». Under heile samtalen stilte Ure Hylland oppfølgingsspørsmål som fekk i gang praten mellom elevane. Økta hadde som mål å utvida ordtilfanget til elevane og dessutan å knyta saman teori og praksis. Elevane brukte hyppig sine eigne erfaringar frå YFF i samtalen, noko som også gav fine refleksjonar. Språkstøttearbeidet spelte altså på fleire Pedagogiske prinsipper for språk- og fagopplæring i yrkesfag – NAFO. Undervisninga var både dialogisk og erfaringsbasert (prinsipp 1), gjekk frå det konkrete til det abstrakte (prinsipp 2), ho var praksisnær  (prinsipp 4) og tok utgangspunkt i det fleirspråklege som ressurs for læring (prinsipp 5). 

NAFO sine tips til vidare språkstøttearbeid basert på språkstøtteoppgåva

Etter ei språkstøtteøkt der det handlar om å terpe på ord og å utvide ordtilfanget, slik som i dømet frå FBIE, er fleire aktivitetar mogleg. Her er eit par døme: 

Set inn orda i eit tokolonneskjema. Ved bruk av tokolonneskjema må elevane forklare fagomgrep på norsk og eit anna språk eleven kan godt. Skjemaa kan samlast i ein «ordbank». Tokolonneskjema kan gjerast enkelt med berre det norske ordet eller omgrepet, og omsetjinga av det til eit anna språk. Det kan også byggjast ut med fleire kolonnar, slik som dømet under viser. Ved behov kan læraren lage nokre hjelpesetningar eller startsetningar for å modellere for elevane.

SpråkOrd/omgrep ForklaringEi setning som skildrar bruk Bilete eller teikning 
NorskRettetongEit verktøy som rettar ut håret ved hjelp av varmeDet er viktig å bruke varmespray før ein brukar ei rettetong. 
Morsmålвирівнювач для волоссяІнструмент, який вирівнює волосся за допомогою тепла.Важливо використовувати термозахисний спрей перед тим, як користуватися вирівнювачем для волосся. 
NorskVarmespray   
Morsmål    
NorskHårfønar   
Morsmål    
NorskHårbørste    
Morsmål    

Elevane kan bruke orda dei har samla i listene til å lage ordkort som dei kan bruke i spel, der målet er å gjette og/eller øve på ord og omgrep. Det er mange ulike variasjonar, men ein kjend variasjon er Alias, der ein av spelarane skal gjette kva for ord eller omgrep det er snakk om utan at den andre spelaren seier sjølve ordet. Ein annan variasjon er «quiz og byt», der ordkorta har ordet eller omgrepet på den eine sida og definisjonen på den andre sida. Elevane går rundt i klasserommet og quizar kvarandre og byter kort når dei får rett. Målet er at alle elevane skal få testa / øvd seg på dei fleste ordkorta.  

Med utgangspunkt i lista over ord frå frisørsalongen som elevane har samla og snakka om i språkstøtteøkta kan læraren be elevane om å bli samde om 20 ord frå listene som skal inn på eit bingobrett. Elevane fyller deretter inn 16 av orda der dei sjølv ønskjer på eit bingobrett. Læraren fungerer som bingovert for klassen. Etter at bingoen er over, kan orda eleven har valt ut bli brukt til skrivetrening, for eksempel ved å skrive setningar om kva ein brukar tingen til eller korleis tingen ser ut. 

Læraren samlar inn listene elevane har laga og les opp orda etter tur. Det er deretter opp til første elev, eller første lag av elevar, å finne og hente tingen ordet representerer. For ekstra språktrening kan det leggjast inn eit krav om å bruke ordet i ei setning for å få poeng. 

Les fleire tips om Språkstøtte for minoritetsspråklige elever i VGO – NAFO her.

Språkstøtteøkt to

I den andre språkstøtteøkta fekk NAFO vere med Jonas Ure Hylland på språkstøtte med to elevar frå yrkesfaget teknologi- og industrifag (TIF). Også her var begge elevane frå Ukraina. Dei tok YFF på skulen i fem ulike verkstadar. Opplegget for denne språkstøtteøkta var «Case til diskusjon», utarbeida saman med programfagslæraren. I «case til diskusjon» får elevane presentert ei rekkje casar frå verkstad og eller praksis som dei skal snakka saman om. Elevane får på denne måten høve til å kople eigne erfaringar opp mot casane, heilt i tråd med prinsipp 1 om at undervisninga skal vera dialogisk og erfaringsbasert. Casane kan bli lese av elevane sjølv eller høgt av læraren. Under er eit utval av casane Jonas Ure Hylland nytta med elevane i språkstøtteøkta (sjå alle sju casane):

Case 1: Utan vernebrillar  Case 3: Usikker på maskinCase 5: Samarbeid i praksis
Situasjon: Omar skal bruke ei maskin. Han har på seg arbeidstøy og hanskar, men ikkje vernebriller.
 
Snakk saman: 
Kva er problemet?
Kva kan skje?
Kva bør Omar gjere no?
Har du sett dette før?
Situasjon: Lina skal bruka ei ny maskin. Ho forstår ikkje heilt korleis ho fungerer.


Snakk saman:
Kva bør Lina gjere før ho startar?
Kven kan ho spørje?
Kva kan skje om ho bruker maskina feil?
Korleis var det første gong du brukte ei maskin på verkstaden?
Situasjon: Fire elevar jobbar saman i gruppe. Éin jobbar åleine. Dei andre er stille.
 
Snakk saman:
Kva er problemet i gruppa? Korleis kan dei samarbeide betre?
Kva kan kvar elev gjere?
Kvifor er samarbeid viktig på verkstaden?
 

I arbeid med «case til diskusjon» er målet at elevane får prata mest mogleg, og språkstøtta går ut på å leie samtala gjennom spørsmål som nettopp inviterer til dette. Gjennom samtale om casar som dei kan kjenne seg igjen i og sjølv kan ha erfaringar med, får elevane utvida ordtilfanget sitt og jobba med yrkesfaget samstundes. 

Synonym på norsk og støtte på morsmål

I denne økta valde Jonas Ure Hylland å lese casane for elevane. Medan han las, nemnde han heile tida synonym på ei rekkje ord, slik som til dømes «verkar» for «fungerer» og «delar» for «komponentar», eit grep som både forklarar orda og utvidar ordbanken til elevane. Dei to elevane hjelpte kvarandre med støtte i morsmålet sitt for å finne orda dei trong på norsk. I arbeid med case 3 fekk Jonas Ure Hylland elevane til å setje namn på alle dei maskinane dei jobbar med og bad dei vidare om å beskrive kva for bruksområde dei ulike maskinene har. Likeins fekk han elevane til å fortelje om kva for verneutstyr dei kjenner til og nyttar på verkstaden i arbeid med case 1. På denne måten fekk elevane gjennom samtala rundt casane nytta dei orda dei allereie kunne og utvida ordtilfanget sitt med nye og fagleg relevante ord. Samstundes bidrog økta til å hjelpe elevane å sjå samanhengar, mykje på grunn av at Jonas Ure Hylland heile tida var medviten om å trekkje samtala over i sentrale fagområde, som til dømes HMS og risikoanalyse. 

Til sist i språkstøtteøkta dreidde samtala seg over på eit meir metaspråkleg nivå. Elevane fortalde om kva dei opplever som særleg vanskeleg i opplæringa, slik som at mange lærarar pratar fort og nyttar dialekt. Jonas Ure Hylland spurde kva dei gjer når dei ikkje forstår eit ord, ei oppgåve eller ein instruks, og med utgangspunkt i deira eigne erfaringar frå verkstaden og klasserommet, fekk dei ein nyttig samtale om bruk av læringsstrategiar. 

Vegen vidare for prosjektet

Rektor ved Årstad vidaregåande skule, Kari Danielsen, bekreftar at prosjektet Språkhjelpar for auka fullføring blir vidareført i skuleåret 2026/2027. Grunngjevinga er at «vi allereie ser tydelege positive effektar. Dette gir grunnlag for å justere organiseringa av undervisninga for elevar med særskilt språkopplæring. Mange elevar er motiverte for å komme raskt vidare i utdanningsløpet sitt, men fleire har framleis behov for styrka norskopplæring for å meistre dette». Ho legg til at erfaringane så langt viser at bruk av språkhjelparar i programfag, der elevane får støtte i utvikling av alle dei fire grunnleggjande ferdigheitene – munnleg, skriftleg, lesing og lytting – har ein positiv effekt også i andre fag. «I tillegg ser vi at tett samarbeid mellom faglærarar og språkhjelparar bidreg til fagleg utvikling utover rammene for sjølve prosjektet», avsluttar ho. 

Ønsker du meir informasjon om prosjektet, ta gjerne kontakt med språkhjelparane ved Årstad vidaregåande skule, Jonas Ure Hylland og Gunhild Andersen Aarøe.