Bruk av LEXIN under eksamen
Finn informasjon om korleis LEXIN-ordbøkene kan gjerast tilgjengelege under eksamen.

LEXIN er digitale ordbøker som finst på bokmål, nynorsk og 18 andre språk. Det varierer kor mange oppslag som er omsette til dei ulike språka. Les meir om LEXIN-ordbøkene.
Det er tillate å bruke LEXIN som hjelpemiddel under sentralt gitt skriftleg eksamen. Les meir på Utdanningsdirektoratet si heimeside:
- Nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel i grunnskolen
- Nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel i vidaregåande
Kvitlisting
For å gjere LEXIN tilgjengeleg for elevar/deltakarar under eksamen må dei følgjande URL-ane vere opne (whitelisted):
- https://lexin.oslomet.no
- https://editorportal.oslomet.no
- https://speech10.leseweb.dk
- https://speech.leseweb.dk
- https://rawfiles.leseweb.dk
- https://stackpath.bootstrapcdn.com
- https://cdn.jsdelivr.net
- https://fonts.googleapis.com
- https://cacerts.digicert.com
- https://www.google-analytics.com
- https://www.googletagmanager.com
Vi jobbar for å halde lista over URL-ar som må vere opne stabil slik at det skal vere enklast mogleg for skolane.
Førebu elevane/deltakarane
Få tips til arbeid med ordbøker i klasserommet.