Bruk av LEXIN under eksamen
Finn informasjon om korleis LEXIN-ordbøkene kan gjerast tilgjengelege under eksamen.

LEXIN-ordbøkene finst på bokmål, nynorsk og 18 andre språk. Ordbøkene er laga for minoritetsspråklege elevar i grunnopplæringa og deltakarar i vaksenopplæringa. Oppslagsorda er valde ut spesielt for desse målgruppene. Det varierer kor mange oppslag som er omsette til dei ulike språka. Ordbøkene inneheld informasjon om kva ordklasse ordet tilhøyrer, enkle forklaringar og eksempel på vanleg bruk. Minoritetsspråklege elevar har lov til å bruke LEXIN-ordbøkene som hjelpemiddel til eksamen.
Om LEXIN som hjelpemiddel til eksamen
LEXIN som hjelpemiddel til sentralt gjeve eksamen i grunnskulen
I dei nasjonale føringane for nettbaserte hjelpemiddel til eksamen i grunnskulen står det at «noen elever eller voksne deltakere kunne ha behov for ordbøker på eget morsmål eller førstespråk». Ordbøkene på bokmål og nynorsk er per no ikkje godkjende av Språkrådet til bruk i opplæring og under eksamen for andre elevar enn dei som treng ordbok på eige morsmål eller førstespråk. Det er eit mål at LEXIN-ordbøkene skal godkjennast til skulebruk innan eksamensperioden hausten 2025.
Les meir om nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel i grunnskolen på Utdanningsdirektoratet sine sider:
LEXIN som hjelpemiddel til eksamen i vidaregåande
Utdanningsdirektoratet fastset kva slags hjelpemiddel som er tillatne å bruke under eksamen i vidaregåande. LEXIN-ordbøkene er oppførte på Nettressurslista for eksamen våren 2025 (sjå oversikt over nettbaserte hjelpemiddel for vidaregåande (Vigo IKS)). LEXIN-ordbøkene er laga spesielt for minoritetsspråklege elevar, og i dei nasjonale føringane for nettbaserte hjelpemiddel til eksamen i grunnskulen står det at «noen elever eller voksne deltakere kunne ha behov for ordbøker på eget morsmål eller førstespråk». Ordbøkene på bokmål og nynorsk er per no ikkje godkjende av Språkrådet til bruk under eksamen for andre elevar (enn minoritetsspråklege elevar). Det er eit mål at LEXIN-ordbøkene skal godkjennast til skulebruk innan eksamensperioden hausten 2025.
Les meir om nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel i vidaregåande på Utdanningsdirektoratet sine sider:
Kvitlisting
For å gjere LEXIN tilgjengeleg for elevar/deltakarar under eksamen må dei følgjande URL-arane vere opne:
https://lexin.oslomet.no
https://editorportal.oslomet.no
https://speech.leseweb.dk
https://rawfiles.leseweb.dk
https://stackpath.bootstrapcdn.com
https://cdn.jsdelivr.net
https://fonts.googleapis.com
https://cacerts.digicert.com
https://speech1.leseweb.dk
https://speech2.leseweb.dk
https://speech3.leseweb.dk
https://speech4.leseweb.dk
https://speech5.leseweb.dk
https://speech6.leseweb.dk
https://speech7.leseweb.dk
https://speech8.leseweb.dk
https://speech9.leseweb.dk
https://speech10.leseweb.dk
https://speech11.leseweb.dk
https://speech12.leseweb.dk
https://speech13.leseweb.dk
https://speech14.leseweb.dk
https://speech15.leseweb.dk
https://speech16.leseweb.dk
https://speech17.leseweb.dk
https://speech18.leseweb.dk
https://speech19.leseweb.dk
https://speech20.leseweb.dk
https://speech21.leseweb.dk
https://speech22.leseweb.dk
https://oslomet.matomo.cloud
https://cdn.matomo.cloud
Merk: Alle speech*.leseweb.dk-domenene peiker til same IP-adresse
Om kunstig intelligens (KI)
LEXIN har ikkje innebygde KI-verktøy og har heller ikkje planar om å implementere dette i nær framtid.
LEXIN kan ikkje brukast til å oversette frasar eller heile setningar.
Førebu elevane/deltakarane
Få tips til arbeid med ordbøker i klasserommet.