Yrkesfaglæraren i det fleirkulturelle og fleirspråklege klasserommet
Dei fleste yrkesfaglege klassar i Noreg kan kallast «fleirkulturelle og/eller fleirspråklege». Med fleirkulturelle og fleirspråklege klassar meiner me at ein eller fleire elevar i gruppa har bakgrunn frå fleire kulturar og/eller språk, til dømes barn av innvandrarar, eller ungdommar som av ulike årsaker sjølv har innvandra med familie eller åleine, og har kortare eller lengre butid i Noreg (kjelde: Ord og uttrykk – språklege minoritetar i opplæringa – NAFO). NAFO har laga ei innføring i nokon tema som er viktige å vareta i det fleirspråklege og fleirkulturelle klasserommet.
Eit trygt og godt skulemiljø der alle blir inkluderte er tematisert i §12.2 i Opplæringslova med lovteksten «alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring». I overordna del av læreplanverket (3.1) finn vi også formuleringa «skolen skal utvikle inkluderende fellesskap som fremmer helse, trivsel og læring for alle.» Ulike språklege og kulturelle føresetnader krev ulike former for tilpassing. Lærarane må tilpasse undervisninga og arbeidet med klassemiljøet for å møte desse krava, sjølv om dette er krevjande.
På yrkesfag har kontaktlæraren ei ekstra viktig rolle når det gjeld å byggje klasse- og læringsmiljø. Dei har ofte eit høgt tal timar i programfaga i klassa si, noko som kan vere fordelaktig. For å få til eit trygt og godt klassemiljø for alle elevane i ei gruppe krevst det at alle lærarar er venlege og tydelege klasseleiarar frå start og gjennom heile skuleåret. Det er altså alle lærarane sitt ansvar å observere klassemiljøet.
For å få oversikt over klassemiljøet kan ein som lærar stille seg nokon enkle spørsmål, slik som desse:
- Korleis fungerer samhandlinga mellom enkeltelevar i klassa?
- Korleis arbeider du for at alle skal oppleve tilhøyrsle i klassa?
- Korleis ser du at elevane er inkluderte i klasse- og skulefellesskapane?
Stikkord frå det fleirkulturelle og fleirspråklege klasserommet
Elevar i ein ny skulekultur
I eit fleirkulturelt og fleirspråkleg klasserom vil det ofte vere elevar som har budd relativt kort tid i Noreg, og som framleis opplever mykje som heilt nytt. Sjølv om dei har gått i innføringstilbod eller ungdomsskule, vil det vere mykje som må lærast og forståast i ein ny kulturell kontekst. Deira eiga rolle som elev i eit nytt land og på eit nytt språk gjer at dei kan leggje band på seg og ikkje tør å vere seg sjølv, slik dei har pleidd på skulen tidlegare.
Ny skulekultur?
Elevar som har gått på skule i andre land kan oppleve lærarrolla i Noreg som annleis. Maktstrukturane i klasserommet kan vere ukjende, og demokratiske prosessar og elevmedverknad kan vere nye omgrep for nokre. I klasserommet kan sjølve pedagogikken opplevast ulikt det nokon elevar er kjend med, som til dømes samarbeidslæring, djupnelæring, kjeldekritikk og ulike vurderingsformer og så vidare. Det krev mykje av kvar enkelt elev å lære fag og bli vurdert på nye måtar. Programområda og karrierevegane har ofte også ein annan struktur enn det elevane og dei føresette har erfaring med; til dømes må dei sjølve erfare opplæring i bedrift og læretid for å forstå at det er ein del av utdanninga.
Informasjon på eit språk ein kan
Skulen har ansvar for å gi informasjon til elevane sine på eit språk dei forstår. Det kan vere nytt for eleven at fråvær og vurdering av orden og åtferd kan visast på vitnemål og vere avgjerande for å få læreplass seinare. Det er difor viktig at informasjon frå skulen blir gitt på fleire språk, anten ved bruk av tolk på møter for føresette eller som informasjonsskriv på aktuelle språk til heimen.
Kultursensitivitet
Når elevar har kome til Noreg seint i utdanningsløpet, er dei framleis i ein tilvenningsprosess, og dei blir resosialisert inn i ein ny kultur på eit nytt språk. Det er ein krevjande situasjon for mange elevar, og det krev også noko av oss lærarar som møter dei.
Samstundes som ein må vere omsorgsfull og ha gode relasjonelle evner, krev lærarrolla at ein møter elevane med kultursensitivitet. Det betyr at vi er medvitne vår eigen kulturelle ståstad, og hugsar på at eigne normer, haldningar og verdiar er forma i ein kulturell kontekst og ikkje er universelle. Åtferda til elevane kan nokre gonger ha kulturelle forklaringar, som er lært i ein annan kulturell kontekst. Dei kan difor vere usikre på kva som blir forventa i den nye skulekonteksten. Når ein møter elevane med openheit, respekt og interesse, vil ein betre forstå deira handlingar og veremåte.
Flytteprosessar
Menneske har til alle tider og i alle delar av verda flytta på seg. For mange er det å flytte knytt til sorg over å forlate stader og menneske ein har kjær, språk ein har vore omgitt av og kulturelle kodar ein har meistra. Korleis den enkelte elev opplever dei psykologiske prosessane, og kor lenge dei ulike fasane varer, er særs individuelt og avhengig av både indre og ytre faktorar.
Ungdommar og vaksne deltakarar i vidaregåande opplæring som sjølve flyttar til Noreg, går gjennom ulike fasar eller tilpassingsprosessar. Tilpassingane som er knytt til å lære språk og nye sosiale kodar fører ofte til stress, noko kontaktlærarar, som kjem tett på elevane og kvardagen deira, kan erfare i dialog med elevane.
Modell for tilpassing
Fleire forskarar har forsøkt å utforme modellar for den psykologiske tilpassingsprosessen menneske går gjennom i møte med ein ny kultur. Ein av desse blir kalla U-kurva eller endringskurva, der tilpassingsprosessen blir delt inn i fire ulike fasar (Dahl, Dybvig et al. 2013:208-214).

Den første fasen blir gjerne kalla turistfasen og skildrar den spennande byrjinga der ein opplever alt for fyrste gong, som turist på ein ny stad. Nokon opplever òg ein lette over å ha kome i tryggleik på ein ny stad.
Neste fase, sjokkfasen, er prega av kultursjokk og kritikk av den nye kulturen. Frustrasjonar over nytt språk, uskrivne kodar og normer kan vere store, og tidlegare erfaringar kan kjennast uvesentlege. Saknet etter opphavslandet, familie, venner og alt anna ein har forlate, aukar. Mange spørsmål om den nye kulturen melder seg, og ein får ofte stadfesta dei stereotypiane ein har høyrt. Mistanke mot andre og angst for det ukjente kan vekse seg stor i denne fasen, og ein kan oppleve ein kriseliknande tilstand.
Den tredje fasen, reaksjons- og bearbeidingsfasen, er kjenneteikna av ei gradvis oppleving av meistring, der ein «klatrar opp» igjen på kurva. Ein ser meir realistisk på livet i den nye kulturen og kan byrje å sjå humoren i det ein har opplevd.
Typisk for den fjerde og siste fasen, nyorienteringsfasen, er eit meir realistisk syn på tilværet. Sjølv om det kan vere tilbakesteg, tilpassar ein seg etter kvart omgivnadene. Ein utviklar ein ny fleirkulturell og fleirspråkleg identitet og kjenner seg meir tilfreds.
Modellen viser ei forenkling av røynda, og det er individuelt korleis elevar opplever det å migrere. Han vil likevel kunne vere eit godt utgangspunkt for å forstå prosessane elevane og familiane deira går gjennom.
Gode relasjonar og eit trygt miljø frå start
På yrkesfaglege utdanningsprogram får ein som lærar oftast nye klassar og elevar kvart skuleår. Det er difor viktig å vere førebudd på kva ein skal gjere dei fyrste dagane og vekene av det nye skuleåret for å raskt få ein relasjon til elevane ein har hovudansvaret for. Ein god start er å lære namna til alle elevane, slik dei sjølv uttalar dei. Samtidig byrjar jobben med å skape tryggleik for elevane, tillit til deg som lærar og elevane imellom. Trygge relasjonar og tilhøyrsle i eit godt klassemiljø er grunnlaget for at elevane skal kunna uttrykkje seg og lære, både fagleg og sosialt.
Startsamtalen
For kontaktlærar kan startsamtalen seiast å vere «den viktigaste samtalen i året», der han eller ho får kjennskap til skulebakgrunnen, familiesituasjonen og dei språklege ressursane den einskilde elev har. Samtalen skal vere førebudd og strukturert og vil gi læraren nyttig informasjon, som seinare blir bygd ut når ein blir betre kjend med kvar elev, og med klassen i sin heilskap. Her er eit forslag til ein mal til startsamtalen som er laga av lærare i Vestland fylke. Du kan tilpasse han til eige bruk.
YFF og relasjonsbygging
Som kontaktlærar har ein som oftast faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), der elevar har opplæring i bedrift for å få eit innblikk i og prøve ut kompetansemål i aktuelle yrke. Å møte eleven på ein arbeidsplass kan vere positivt for relasjonen mellom lærar og elev. Ein møter dei på tomannshand i ein annan setting enn på skulen, og ein kan få verdifulle samtalar med eleven, som ein kan byggje vidare på etter avslutta praksisperiode.
Viktigheita av tilhøyrsle og vennskap
Fleire forskingsprosjekt, mellom anna Hancock et.al. 2021, har dei seinare åra funne samanhengar mellom kjensle av tilhøyrsle til skulen, vennskap mellom klassekameratar og prestasjonar på skulen. Elevar som opplever stor grad av tilhøyrsle på skulen presterer betre fagleg og liker skulen betre.
For elevar med innvandrarbakgrunn kan opplevinga av tilhøyrsle bli påverka av familiesituasjonen og årsaka til at dei har migrert (Hancock 2024). Det kan difor vere viktig at læraren kjenner bakgrunnen til elevane sine, til dømes gjennom tidlegare nemnte oppstartsamtale.
Påverkar språkutvikling
For elevar med eit avgrensa norsk språk vil eit trygt klassemiljø vere særleg viktig for at dei skal tørre å snakke og utvikle språket sitt i teorirommet, på øvingsrommet og i verkstaden. Det å arbeide medvite og aktivt med trivsel og inkludering kan altså påverke prestasjonane til elevane på skulen. Mykje av dette arbeidet startar med ein god relasjon mellom læraren og eleven.
Lærar-elev-relasjon
Kjensla av tilhøyrsle blir styrka av ein god lærar-elev-relasjon og med ein lærar som forstår og møter behova til eleven både personleg og akademisk. Ein må kjenne til eleven sin bakgrunn og kor dei er fagleg og språkleg. Det tyder ikkje at læraren skal gå utover rammene for rolla si som lærar, men at han/ho anerkjenner eleven sin språklege og kulturelle bakgrunn og tilpassar ut frå det. Vidare bør læraren modellere for elevane korleis ein respektfull veremåte ser ut.
Relasjon mellom elevar
På den andre sida er god støtte frå medelevar også viktig for kjensla av tilhøyrsle. I klassane Hancock (2024) og Hancock et.al (2021) skildrar i forskinga si, var det i utgangspunktet få vennskap og grupperingar på tvers av kulturar, religionar og språkgrupper. Det å etablere felles klassenormer, slik at alle veit kva som er forventa av dei, er ein måte å skape grobotn for gode relasjonar mellom elevane på. Å fremje ei kjensle av tilhøyrsle på skulen handlar om å leggje til rette for at elevane både trivst og gjer det bra på skulen. Ein kan óg bruke program som fremjar kontakt og vennskap på tvers av grupperingar, slik som til dømes VIP-makkerprogrammet eller samtalekorta New Citizen (lenke?). I forskinga si fant Hancock et. al (2021) at både elevar og lærarar rapporterte om større grad av tilhøyrsle og vennskap på tvers av kulturelle og religiøse grupperingar ved bruk av VIP-makkerprogrammet eller samtalekorta.
Lærarens støttesystem
For nokon elevar kan du som lærar bli ein viktig person i tilværet deira, fordi dei til dømes har lite nettverk eller få vaksenpersonar i livet elles i Noreg. Andre elevar kan ha opplevd tillitsbrot og utryggleik, og kan ha vanskar med å stole på vaksne. For desse elevane er det særleg viktig at skulekvardagen er føreseieleg og at dei blir møtt av trygge og empatiske vaksenpersonar.
Som kontaktlærar kan ein oppleve at ein blir overvelda av livserfaringane og/eller livssituasjonen til elevane. Ein kan reagere med å bli for involvert, distansere seg eller få sterk medkjensle. I eit ønske om å hjelpe og vise omsorg for elevar må ein også ta vare på seg sjølv, sette grenser når det er nødvendig og ikkje bli sittande åleine, men hente støtte hjå ressurspersonar i laget rundt elevane.
Den digitale ressursen «Lærerens støttesystem» viser kva for støttefunksjonar læraren kan spele på, både på og utanfor skulen. Ressursen finst også som ein plakat ein kan hengje på veggen. Han kan brukast i rettleiing, arbeid med case eller i samtale om korleis ein kan ivareta eleven eller lærarar i krevjande arbeidssituasjonar.
Ulike språknivå
Mange elevar er kartlagt i samband med oppstart eller har kanskje tatt norskprøven før dei byrjar i vidaregåande opplæring. Ved å bruke informasjonen om språknivået til eleven kan lærarar i yrkesfagleg opplæring gi ei meir tilrettelagd undervisning og betre støtte til den enkelte elev.
Norskprøven dokumenterer språkkompetansen til eleven innan lesing, skriving, lytting og munnleg kommunikasjon. Skildringa av språknivåa i norskprøven er henta frå læreplanen i norsk for vaksne innvandrarar, som byggjer på det europeiske rammeverket for språk. Språknivåa som blir beskrivne, er ein skala som går frå A1-A2 (basisbrukar) til B1-B2 (sjølvstendig brukar). Morsmålsbrukarar ligg gjerne over B2-nivået i munnlege evner. Skrive- og leseferdigheiter kan ha ein større naturleg variasjon.

Når språkkompetanse blir vurdert, er det med utgangspunkt i ulike sider av språket: lytting, lesing, samhandling og munnleg og skriftleg produksjon. Det vil vere normalt at ein har ein profil som viser ulikt nivå på ulike område, anten ein er nykomen eller har budd lenger i landet. Mange elevar med kort butid har kanskje eit norsknivå på A2 eller A1 når dei byrjar på vidaregåande. Dersom eleven har låge lese- og skriveferdigheiter, kan det vere behov for å bruke nivået under A1 for å beskrive norsknivået.
Veldig kort sagt kan ein elev på A1-nivå forstå og bruke kjente uttrykk og delta i ein svært enkel, tilpassa samtale med støtte. Ein elev på A2-nivå kan forstå enkelt språk, uttrykke seg om emne knytte til seg sjølv og nære omgivnader og delta i ein samtale eller samhandlingssituasjon med tilpassa språk. Ein elev på B1-nivå kan i tillegg uttrykkje seg meir samanhengande om ein del tema og kan delta uførebudd i dei fleste samtalar og samhandlingssituasjonar, men er framleis avhengig av eit tydeleg språk.
Dei fleste lærebøker i vidaregåande opplæring er såpass språkleg komplekse at dei krev evner på minst B1- eller B2-nivå. Det betyr at nykomne elevar, særleg dei med språknivå under B1, vil trenge mykje støtte for å kunne forstå læreboka eller produsere skriftlege tekstar.

I modellen over, laga av Cummins, viser den vassrette linja graden av støtte eleven får, medan den loddrette linja viser graden av utfordring på læringsaktiviteten eleven utfører. Ei oppgåve kan vere utfordrande kognitivt, men ho kan òg vere utfordrande språkleg. Dersom utfordringa er særs stor, og eleven får lite støtte, er det sannsynleg at læringsutbyttet blir lågt. Elevane skal møtast med høge faglege forventningar, men må få nødvendig språkleg støtte for å få eit læringsutbytte. Ved å støtte elevane språkleg vil dei også kunne utvikle seg fagleg. Sirkelen for undervisning og læring og Brumodellen (presentert i Didaktikk for eit fleirspråkeleg klasserom på sida her) er døme på didaktikk som støttar språklæring, samtidig som faget får den plassen som krevst.
Språkstøtte
Bruk av omsetjing, gjennom verktøy som ordboka Lexin, Google translate eller KI kan vere ei viktig hjelp for at eleven skal forstå faginnhald. Forenklingar av fagtekstane, eller omsetjing av delar eller heile teksten, kan vera ei støtte ved sida av fagteksten. Ofte jobbar faglærarar godt med fagomgrep som ein del av opplæringa i fag. For elevar med norsk som andrespråk kan likevel òg såkalla førfaglege ord vere utfordrande i tekstar. Førfaglege ord kan vere ord som prosess eller energi som elevar finn i ulike samanhengar, men som kan ha ulike tydingar ut frå samanhengen dei blir brukte i.
For å skrive tekstar vil skriverammer, bruk av modelltekstar og samskriving vere formålstenlege måtar å arbeide på. Her er eit knippe med døme på praktisk språkstøtte til bruk i klasserommet. Døma kan du redigere og bruke til eige formål.
Kan du ordene – helsearbeiderfaget
Sjå eksemplar på måtar å arbeide med både språk og fag: Eksempler på måter å drive integrert språk- og fagopplæring
Didaktikk for eit fleirspråkeleg klasserom
Brumodellen
Brua til fagspråket er ein modell utvikla av Katja Vilien og Helene Thise. Modellen er ein ressurs for lærarar som ønsker å styrke elevar si utvikling av fagspråk. Den såkalla brumodellen, som blir presentert i boka Broen til fagspråket, har som mål å byggje bru mellom kvardagsspråket til elevane og det ofte meir komplekse og abstrakte fagspråket. Å tileigne seg fagspråk kan vere spesielt krevjande for elevar som har opplæringsspråket som sitt andrespråk. For elevar med kort butid eller minoritetsbakgrunn kan fagspråket derfor vere ein barriere i møte med pensum i faga og i utføringa av yrket dei får opplæring i.

Brumodellen kan bidra til å redusere denne barrieren på fleire måtar, mellom anna gjennom å anerkjenne og verdsette den fleirspråklege og kulturelle bakgrunnen til elevane som ein ressurs i læringsprosessen. Thise og Villien oppmodar til å la elevane bruka morsmålet sitt som eit støtteverktøy for å forstå fagstoffet. Modellen er inspirert av Pauline Gibbons’ Stärk språket, stärk lärandet (2016) og tilbyr konkrete idear og verktøy for faglæraren som ønsker å legge til rette for ei språkutviklande undervisning.
Boka Broen til fagspråket rettar seg primært mot faglærarar. Modellen i boka kan brukast som ei ramme for planlegging, gjennomføring og refleksjon. Boka kan også fungere som ein idébank til bruk i det daglege. Ho inneheld ei rekke konkrete forslag til undervisningsaktivitetar, skreddarsydde malar og elevark, og dessutan døme og oversikter over korleis aktivitetane kan gjennomførast. Læraren kan redigere, tilpasse og supplere malane til eige bruk.
Kva er brumodellen?
Brumodellen er ein didaktisk modell som viser korleis lærarar kan støtte elevane si utvikling ved å binde saman dei eksisterande språklege og kulturelle ressursane deira til språklege krav i faga. I modellen har vegen frå kvardagsspråk til fagspråk fått fire fasar.
Målet med modellen er å vise korleis ein som lærar kan leggje til rette ulike språkbrukssituasjonar for elevane, slik at dei kan utvikle eit fagspråk. Dei fire fasane i modellen bygger mellom anna på prinsipp om aktivisering av forkunnskapar, ressursperspektiv på språk, deltakingsmoglegheiter, støtte og modellering og gradvis sjølvstende for elevane.
I fase 1 bruker elevane kvardagsspråket til å utforske det faglege temaet dei skal jobbe med. Elevane sine erfaringar og kunnskapar blir trekte aktivt inn i undervisninga. I denne fasen kan ein gjerne ta i bruk andre språk enn opplæringsspråket, som morsmål, om det er formålstenleg.
Fase 2 handlar om støtte og modellering. I denne fasen skal læraren gi språkleg og fagleg støtte gjennom modellering, bruk av ulike modalitetar og visuelle hjelpemiddel og dessutan ved å tydeleg strukturere fagstoffet. Gjennom til dømes bruk av konkretar i klasserom, verkstader og øvingsrom kan abstrakte og komplekse omgrep bli meir tilgjengelege for elevar som framleis utviklar norskferdigheitene sine.
I fase 3 bruker elevane det faglege språket aktivt saman med andre. Modellen oppmuntrar til dialog og kommunikasjon. Elevane lærer av kvarandre og bygger forståinga si i samspel med andre. Fleirspråklege elevar kan samarbeide i grupper og diskutere faglege tema på dei sterkaste språka sine før dei presenterer det på norsk.
I den siste fasen til modellen, fase 4, produserer elevane sjølv fagspråk. Elevane har på dette tidspunktet gradvis fått meir ansvar for eiga læring gjennom oppgåver som krev auka sjølvstende og større grad av frigjering frå læraren. I denne fasen skal elevane også trenast i å gi og få tilbakemelding, noko som er ein viktig kompetanse, både på skulen og i yrkeslivet dei blir førebudde til.
Fordjupning:
Vil du lære meir?
Kompetanseutvikling i skolen er kompetansepakkar for pedagogisk utviklingsarbeid i skulen. Dei er laga for heile skuleløpet. Nokon passar og for vidaregåande skule.







